Larstunet ligg i Ommedal i Hyen. Hyen går også under namnet «Perla i Nordfjord». Dette er ei aktiv jordbruksbygd, men fleire andre næringar er representerte. Brødrene Aa båtbyggeri er største arbeidsplassen i Hyen. Som kjent kom Christofer Columbus herifrå.

Larstunet i Ommedal har vore i slekta i omlag 400 år. Frå gamalt av var her mange slags husdyr, som på dei fleste gardar. No har vi storfè og mjølkeproduksjon, kvote på
114 000 liter mjølk, og noko over 100 dekar fulldyrka mark. Om sommaren driv vi støylsdrift med mjølkeproduksjon, og har nok ein av landets mest «luftige» støylsvegar. (Trykk på biletet til høgre)

I garasjen syslar Sivert Jan med omlegging av dekk og ulike reperasjonar. Det vert formidla kjetting, dekk, diverse brukt og nytt landbruksrelatert utstyr.

Larstunet v/Sivert Jan Ommedal, 6829 Hyen - Tlf. 902 27 570

Logg inn